Viser arkivet for stikkord tulling

Reiten er ein lakabodl av dimensjonar

reiten

Eivind Reiten vart takka av med ein avskilsfest til 400.000 kroner, medan tilsette i Hydro vert permittert. Det er takk og lov og ei stor glede at denne fjotten no forsvinn frå toppleiinga i Hydro.

Eg fattar ikkje korleis det er mogleg å vere så blind for realitetane i livet som denne mannen. Her bør verkeleg regjeringa gå inn og seie klart frå kva dei meiner. Dette er i pengesum ikkje like ille som bonus-saka ( eller for den del bonus-saka som no rullar kring AIG i USA ), men det er brot på alle rimelege og urimelege prinsipp.

Reiten har jaggu råd til å betale avskilsølen sin sjølv, og han bør snarast flexe opp platinakortet og betale attende til Hydro det festen hans kosta. Deretter bør dei 400.000 kronene betalast ut som stønad til dei permitterte i Holmestrand.

Gudskjelov så slepp vi å sjå denne fyren i Høyanger meir.