Viser arkivet for stikkord samferdsle

Vil vi ha bompengar på E39?

100px-Tabliczka E39 svg

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete la fredag fram forslaget til ny nasjonal transportplan. Der ligg det inne 2,6 milliardar til opprusting av E39 gjennom mellom anna Høyanger kommune. Om det kjem lokale initiativ, så kan vegen byggast endå raskare med bompengar. Er det noko vi vil ha?

Reint prinsipielt meiner eg at staten bør ha råd til å forsere vegutbygginga på Vestlandet, og særleg langs E39, utan bruk av bompengar. Men samtstundes er det minst eit dilemma her. Vel ein statleg finansiering vil det gå ein god del år før det er gul midtstripe frå Lavik til Hornindal.

Vel vi til dømes å bompengefinansiere frå Lavik til Førde, så vil vi relativt raskt få ny veg på dei verste strekningane på heile E39, det vil spare tid – og gjere det heile til ein langt tryggare veg. Då tenker eg spesielt på Norevikane-Teigen og Vadheim-Sande.

Kva meiner folk om dette? Eg er litt i tvil, men eg trur gjerne eg er klar for å betale nokre kroner ekstra for å få ein ny og trygg veg raskt på plass.