Viser arkivet for stikkord nav

Nygård tilbake som NAV-sjef

nav

Ann Kristin Nygård er tilbake som sjef for NAV Høyanger denne veka. Den dyktige dama trengst heilt åpenbart på plass igjen for å takle dei store utfordringane som NAV Høyanger har fått på seg etter at Fundo gjekk konkurs.

NAV har vore utsett for sterk kritikk på nasjonalt nivå i den siste tida. I Høyanger har bruken av NAV sine tenester auka drastisk etter Fundo-konkursen. Føler du at du får den hjelpa du treng frå NAV? Skriv meininga di om dette her på Høyanger-sona.*

Kritikken mot NAV har særleg gått på lang ventetid på handsaming av søknader, og internt i NAV er sjukefråveret og presset på dei tilsette høgt.

- Nav-rotet gjer at folk nå vert uføretrygda mot si eigen vilje, hevdar leder Jarle Berge i Norsk Tjenestemannslag Nav (NTL Nav) til NRK.

Han syner til at Nav-tilsette må bruke tida si på store papirbunkar frå folk som ikkje har fått pengane sine. Dermed vert det lita tida til samtalar med folk for å få dei ut att i arbeid.

Tidlegare Fundo-tilsett Kjell Nylund er ein av dei som har oppdaga at regelverket til NAV kan vere temmeleg firkanta. Til NRK fortel han at fordi han tok deltidsstudier ved sidan av jobben, så fekk han ikkje dagpengar.

- Eg fekk beskjed om at eg ikkje har krav på dagpengar fordi eg studerer. På NAV la dei fram eit skjema der eg måtte skrive under på om eg var villig til å avslutte utdanninga, seier Nylund til NRK.