Viser arkivet for stikkord metall

Kurten melder Eras til politiet

kurt helikopter 500

Norges Miljøvernforbund med sjølvaste Kurt Oddekalv i spissen har meldt Eras Metall til politiet etter utsleppa av kvikksølv. Han fryktar at konsekvensane blir større i Høyanger, enn tilfellet var etter eksplosjonen på Vest Tank i Gulen.

- Vi meiner dette er ei av dei verste sakene som har skjedd i Noreg. Kvikksølv er på lista som det aller verste og giftigaste tungmetallet. Noreg har nettopp delteke på ein stor internasjonal konferanse som prøver å forby stoffet, seier Kurt Oddekalv til NRK.

Det er avslørt at tilsette på Hydro har høgare nivå av kvikksølv i blodet, enn tilsette på Eras. Sjølv om desse blodprøvene ligg innafor dei såkalla grenseverdiane, er det vel grunn til å vere bekymra? Eller?

Funna skal liggje godt under det norske styresmakter reknar som faregrensa, skriv Bergens Tidende på laurdag.

Nyleg vart det kjend at Eras Metall måtte stenge dørene etter altfor stort utslepp av kvikksølv. Verksemda kan ha sluppe ut opp mot 55 kilo kvikksølv det siste året, medan utsleppsløyvet er på 1 kilo per år.

Dei nye blodprøvene vart gjort hos tilsette på miljøavdelinga på Hydro, der det i alt jobbar 11 personar med ulike arbeidsoppgåver. I følgje BT ligg kvikksølvnivået her 3-4 gonger høgare enn hos Eras-tilsette.
– Alt tyder jo på at det er utsleppa som er årsaka, seier bedriftslege Alv Bjørnar Heggelund ved Hydro i Høyanger til BT.

Den populære bedriftslegene meiner at forklaringa er at kvikksølvet har gått ut i lufta utanfor fabrikken, og at dei tilsette inne har brukt støvmasker. Måndag blir det folkemøte om Eras-utsleppa i Høyanger, der representantar for Eras Metall, SFT, Folkehelseinstituttet, kommunen og Nasjonalt institutt for luftforskning (NILU) deltek. Eras har søkt om å få starte produksjonen att i april.

Kva meiner DU om denne saka. Skriv meininga di om dette her i Høyanger-sona på Origo!