Viser arkivet for stikkord kommune

Kommunen sine postlister manglar

vaapen

Dei kommunale postlistene glimrar med sitt fråvære på Høyanger kommune sine heimesider. I lengre tid har postlistesystemet vore nede.

På postlistene kan kven som helst finne informasjon om all posten som kjem inn eller går ut frå rådhuset i Høyanger, og etter offentlegheitslova er alle kommunale brev – ut og inn – offentlege, om det ikkje er særskilte personvernomsyn. Denne innsikta i forvaltninga er eit viktig prinsipp, ikkje minst fordi det skal vere enkelt for kvar einskild innbyggjar å setje seg inn i kva kommunen driv med.

Men i den siste tida har dette altså vorte vanskelegare i Høyanger. På kommunen sine sider finn ein for tida ingen postlister eller dokument, noko som gjer at om ein ønskjer innsyn i til dømes eit brev som er sendt, så må ein oppsøke rådhuset.

Høyang Nytt har vore i kontakt med kommunen som beklagar at postlistene for tida ikkje er tilgjengelege.
- Det vert arbeidd med å få elektroniske postlister til å fungere att. Problemet har diverre vart ei stund, men vi håpar vi klarer å ordne dette snarast, opplyser Anita Taftø i Høyanger kommune.