Viser arkivet for stikkord kaos

Ny legevaktordning – til nytte eller kaos?

forde-sentralsjukehus-nybygg-helikopter

Høyanger kommune har planar om å inngå i det nye legevaktsamarbeidet for Ytre Sogn og Sunnfjord. Dette samarbeidet var meint starta opp frå den 1. april, men økonomiske utfordringar gjer at det sannsynligvis vert utsett.

Legevaktsamarbeidet vil få konsekvensar for Høyanger-folket og legane som jobbar her. Folk vil vere nøydde til å køyre den lange vegen til Førde når ein treng legetilsyn. Kommunen forsvarar seg med at dette er ein fordel, fordi ein da har tilgang på direkte innlegging på sjukehus, om det er behov for det. I snitt har Høyanger fire henvendinger til legevakt per dag/vakt. De fleste av desse vert henvist fastlege neste dag. Altså få akutte tilfeller, men lege behøvast vel likevel? Det som ein kan sjå på som ei av utfordringane, er dei økte ambulanseutgiftene. Dei kjem til å gå i skytteltrafikk mellom kommunane som er involverte (Når ein i tillegg tenkjer på det som kom fram i Firda, ang. ambulansefolk si utdanning i Sogn og Fjordane, kan ein få bange aningar).

Elektronisk overføring av journalar er og eit skrekkscenario. Korleis skal dei kunne samarbeide på tvers av kommunane? Som sagt inneber dette samarbeidet konsekvensar for legane våre. Dei får ein betre kvardag, blir meir utkvilte, og vil kanskje bli her lengre enn 2 – 3 år. Men, dei må ta ei vakt i månaden i Førde. Korleis kan dei då vite alt om ein pasient i Gulen, når dei sit i Førde? Lat oss håpe dei har funne ut av desse problemområda. I så fall; lat meg applaudere.. Ein finn at ein sparar litt på denne nye vaktordninga, men summen er ikkje overvettes høg.

Legesamarbeidet har ikkje fått brei mediedekning, men vonaleg kjem folk sine reaksjonar fram når ein ser korleis dette vil fungere, eller høgst sannsynleg ikkje vil fungere for andre enn legane…

Kva trur du om den nye legevaktordninga?