Viser arkivet for stikkord fundo

Jens gir 37 millionar til Høyanger

StatsministerStoltenberg3

Statsminister Jens Stoltenberg brettar opp armane og har gjeve Høyanger 30 millionar til omstillingsarbeid og sju millionar til styrking av kommuneøkonomien etter Fundo-konkursen 12. januar.

Media meldte søndag at regjeringa har vedteke at Høyanger får ein stor pott av statlege omstillingsmidlar etter konkursen. No vert det opp til kommunen og HNU korleis pengane skal brukast for å sikre framtidige arbeidsplassar.

- Regjeringa støttar Høyanger for å skape nye arbeidsplassar og ny vekst. Situasjonen i Høyanger er alvorleg både for lokalsamfunnet og ikkje minst for dei einskildpersonane og familiane dette gjeld, seier statsminister Jens Stoltenberg til Firda.no

- Eg hadde aldri trudd at vi skulle få så mykje. No ser det lysare ut for Høyanger. Eg må skryte av regjeringa. Det er ikkje lenge sidan Fundo stengde dørene og vi har allereie fått ei løysing, seier Longva til NRK.

Korleis skal pengane brukast? Sei di meining her på origo!

Nygård tilbake som NAV-sjef

nav

Ann Kristin Nygård er tilbake som sjef for NAV Høyanger denne veka. Den dyktige dama trengst heilt åpenbart på plass igjen for å takle dei store utfordringane som NAV Høyanger har fått på seg etter at Fundo gjekk konkurs.

NAV har vore utsett for sterk kritikk på nasjonalt nivå i den siste tida. I Høyanger har bruken av NAV sine tenester auka drastisk etter Fundo-konkursen. Føler du at du får den hjelpa du treng frå NAV? Skriv meininga di om dette her på Høyanger-sona.*

Kritikken mot NAV har særleg gått på lang ventetid på handsaming av søknader, og internt i NAV er sjukefråveret og presset på dei tilsette høgt.

- Nav-rotet gjer at folk nå vert uføretrygda mot si eigen vilje, hevdar leder Jarle Berge i Norsk Tjenestemannslag Nav (NTL Nav) til NRK.

Han syner til at Nav-tilsette må bruke tida si på store papirbunkar frå folk som ikkje har fått pengane sine. Dermed vert det lita tida til samtalar med folk for å få dei ut att i arbeid.

Tidlegare Fundo-tilsett Kjell Nylund er ein av dei som har oppdaga at regelverket til NAV kan vere temmeleg firkanta. Til NRK fortel han at fordi han tok deltidsstudier ved sidan av jobben, så fekk han ikkje dagpengar.

- Eg fekk beskjed om at eg ikkje har krav på dagpengar fordi eg studerer. På NAV la dei fram eit skjema der eg måtte skrive under på om eg var villig til å avslutte utdanninga, seier Nylund til NRK.