Viser arkivet for stikkord fotball

Høyang-Brann blir sendt direkte på TV

IL Høyang har fått mildt sagt sterk motstand i 1. runde av NM-cupen når SK Brann kjem til Høyanger og Sletta 13. mai! Kampen blir sendt direkte på TV2 Sport. Det er første gang A-laget til Høyang blir direktesendt på riksdekkande fjernsyn!

Av Geir Bjarte Hjetland

Etter 3-2 sigeren mot Florø i siste kvalikrunde, var det sterk von om at eit godt lag ville kome til Høyanger i 1. runde – og NFF tok Høyang sitt ønskje på alvor. SK Brann er klar for Sletta!

Her bør verkeleg alle fotballelskarar og alle andre stille opp for det som garantert blir eit fotballmessig høgdepunkt i Høyanger. Det er laaangt frå eliteserien til 3. divisjon, men eit heiltent Høyang skal garantert klare å gje Brann kamp om vidare kvalifisering!

Den kjende musikaren Morten Jørgensen er ein av dei som no satsar på at IL Høyang klarer brasane mot Brann.
“Her tror jeg at jeg for første gang kan uttale meg på vegne av alle RBK-supportere i verden: Heia Høyanger! Det blir kanskje ikke tusenere på tribunene, men Høyanger har HELE Trøndelag i ryggen!”, skriv Jørgensen i eit innlegg på Facebook.

Saka vert oppdatert.

Den kjende new wave og rockemusikaren Morten Jørgensen er ein av landets mest ihuga RBK-supporterar. No satsar på Høyang-siger mot Brann

Kven er tidenes Høyang-spelar?

Ein ny fotballsesong står for døra, og som vanleg har vi stor tru på Høyang i 3. divisjon. Men kven er tidenes beste Høyang-spelar?

Det er sjølvsagt mange kandidatar, men kom med forslag til kandidatar innan 1. april – så set vi opp ein avstemning på kven som kan kårast i denne noko uhøgtidlege kåringa!

Det kan jo nemnast at det er Svein Inge Bergseth som toppar kampstatistikken for IL Høyang med 330 obligatoriske kampar for laget. Tore Ytredal, til dømes, er registrert med tre kampar. Men som Odd Eriksen påpeiker, er adelskalenderen kun oppdatert på kampar spelte etter 1980. Så reelt har Ytredal langt fleire kampar enn dei registrerte tre.

Litt Høyang-historikk finn ein her: IL Høyang si adelsliste