Viser arkivet for stikkord e39

Vil vi ha bompengar på E39?

100px-Tabliczka E39 svg

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete la fredag fram forslaget til ny nasjonal transportplan. Der ligg det inne 2,6 milliardar til opprusting av E39 gjennom mellom anna Høyanger kommune. Om det kjem lokale initiativ, så kan vegen byggast endå raskare med bompengar. Er det noko vi vil ha?

Reint prinsipielt meiner eg at staten bør ha råd til å forsere vegutbygginga på Vestlandet, og særleg langs E39, utan bruk av bompengar. Men samtstundes er det minst eit dilemma her. Vel ein statleg finansiering vil det gå ein god del år før det er gul midtstripe frå Lavik til Hornindal.

Vel vi til dømes å bompengefinansiere frå Lavik til Førde, så vil vi relativt raskt få ny veg på dei verste strekningane på heile E39, det vil spare tid – og gjere det heile til ein langt tryggare veg. Då tenker eg spesielt på Norevikane-Teigen og Vadheim-Sande.

Kva meiner folk om dette? Eg er litt i tvil, men eg trur gjerne eg er klar for å betale nokre kroner ekstra for å få ein ny og trygg veg raskt på plass.

Moalaust av vegvesenet...

I går, altså måndag, køyrde eg frå Høyanger til Bergen. I Instefjord hadde det gått ras, og vi måtte køyre rundt “halve” Gulen for å kome oss fram. Vel og bra det, men at ikkje vegvesenet hadde makta å merke omkøyring, legge om ferjeruter m.m. til dagen etter er heilt utruleg…

Eg er kanskje samfunnets plageånd nr. 1 for tida, men det må då vere mogleg å få til dette på eit døgn?? For meg som er relativt kjent på småvegane i Gulen var det jo ikkje noko problem, men kva med alle andre som køyrde på kryss og tvers – uten å vite kvar dei skulle??

Eg snakka med 175, 177 og sikkert alle andre om dette – og dommen er klar – steinras kan vi ikkje gjere noko med, men litt kjapp handling i ettertid kan ein vel forlange?