Viser arkivet for stikkord dronning

Dronning Sonja på hemmeleg besøk i Høyanger

Sjølvaste dronning Sonja var i helga på hemmeleg besøk i Høyanger kommune. Laurdag morgon gjekk ho saman med ein livvakt over fjellet frå Norevikane til Ullebø i Vadheim.

Tekst og foto: Geir Bjarte Hjetland

Kongeskipet “Norge” ankom Norevikane ved nitida laurdag morgon, og dronninga vart sett i land på Norevikane med ein av skipet sine lettbåtar, såkalla sjalupp. Med sekk på ryggen vandra ho opp den bratte vegen til Fløyen, før ho nokre timar seinare kom gåande ned att til Ullebø i Vadheimsfjellet.

- Der vart dronninga henta av ein lukseriøs BMW, før ho vart køyrd til kommunekaia i Høyanger der ho gjekk ombord i kongeskipet igjen, fortel ein av dei som var så heldige å møte dronninga laurdag.

At vår kjære dronning elskar fjella både i Indre- og Ytre Sogn er ei kjend sak, og det er ikkje første gongen ho har besøkt Norevikane-området. Seinast for tre-fire år sidan var ho på fjelltur i same området.

- Det er verkeleg kjekt at ho går på fjelltur her i Høyanger kommune. Ho har skjønt kor vakkert og flott det er her, smiler turistvert på Norevikane, Jan Erik Fredriksen.

Dronninga sin høgst private og hemmelege tur kom i stand etter at kongeparet var på offisiell vitjing i Nordhordland. Dronninga har på turen langs Sognefjorden og vore mellom anna i Solund og i Finnafjorden.

KONGELIG TRANSPORT: Kongeskipet “Norge” på veg ut frå Høyanger laurdag ettermiddag, etter å ha henta Dronning Sonja.