Viser arkivet for stikkord dj

Første DJ-battle i Sogn og Fjordane komande fredag!

For første gang vert det skipa til discjockey-kamp i Sogn og Fjordane! Dette amerikanske fenomenet skal skje på Norevikane komande fredag.

Det er 80- og 90-talets mest kjende DJ i Sogn og Fjordane, Jan Erik Fredriksen, som skal kjempe om publikum sin gunst mot Robert «DJ Roberto» Sæbø. Dette unge platespelande talentet har den siste veka vore på treningsleir på Magaluf, medan Jan Erik har lagt seg i hardtrening på Norevikane.
- Eg er i storform, og satsar på at erfaring slår ungdommeleg talent, smiler Jan Erik.

Det er 20 års aldersforskjell på Jan Erik og Robert, men begge har ei brennande interesse for dansbar musikk. Dei starta begge sin karriere i Høyanger, og begge har trukke fulle dansegolv på Øren Hotel i Høyanger. No er det altså feriesenteret på Norevikane som blir åstad for den aller første offentlege DJ-kampen i Sogn og Fjordane.

Det er nok mange som hugsar Jan Erik frå den tida han og spelte på ulike diskotek i Førde. Dei siste 11 åra har han budd i Reykjavik på Island, der han driv stort innanfor reiselivsnæringa. Robert er ekte Høyanger-gut og innrømmer at han er lett inspirert av sin eldre kamp-motstandar.
- Det skal bli ei ære å få kjempe om danserytmane mot ein superveteran som Jan Erik, seier ein glisande og optimistisk, Robert.