Viser arkivet for stikkord cup

Forventar 1500-2000 tilskodarar på Høyang-Brann

Leiar i fotballgruppa i IL Høyang, Petter Sortland, forventar 1500-2000 tilskodarar på cupkampen mellom Høyang og Brann onsdag 13. mai.

Av: Geir Bjarte Hjetland

- Dette er reine julekvelden for oss. Vi er jo veldig glade i Brann her i Høyanger. Vi møtte Sogndal i 1. Runde for tre-fire år sidan og då var 750-800 tilskodarar på Sletta. Men no forventar vi 1500 -2000, seier Sortland til brann.no.

Ny rekord
– Dette er ønsketrekning for oss, vi kunne ikkje fått ei betre trekning, jublar Høyang-trener Terje Fjæren til brann.no

Fjæren forventar i alle høve ny tilskodarrekord på Sletta, nesten alle han har snakka med etter kvalifiseringa til 1. runde, ville ha Brann som motstandar.

Fotballfest
Dagleg leiar i SK Brann, Roald Bruun-Hanssen seier til brann.no at dei ikkje kjenner Høyang som lag.
- Men for oss er det gøy å møte eit lag som til dagleg spelar utanfor vårt nærområde. Vi set pris på det og gler oss til turen. Eg vonar og trur at vi kan bidra til fotballfest i Høyanger, seier Bruun-Hanssen.

Guntveit ute
Det er sjølvsagt enno usikkert om Brann stiller med alle dei store stjernene til kampen i Høyanger, men ein spelar vert i alle fall ikkje å sjå på Sletta. Cato Guntveit vart skada i kampen mot Bodø-Glimt og må sjå lagkameratane frå sidelinja mot Høyang.
– Uff, herregud! Eg vil egentlig ikkje snakke om det her. Eg ønskjer berre å bli frisk og ikkje tenke på det, seier ein deppa Cato Guntveit nåtil BA.