Viser arkivet for stikkord høyanger

Lunchroom i Høyanger?

Vi er to nederlendere som nettopp har startet samtaler med Høyanger kommune angående etablering av en lunchroom i sentrum.
Det skal være en slags kaffebar hvor man også kan kjøpe hjemmelaget bakverk og lunsjretter, som smørbrød, rundstykker, speilegg, supper o.s.v.
Meningen er at det skal være et koselig sted met flott utsikt over fjorden hvor man kan slappe av mens man er på handletur, møte venner eller bare har lyst på noe godt å spise. Når været tillater det, skal det også være uteservering.

Ifølge Høyanger kommune har innbyggere gjentatte ganger sagt at de mangler dette tilbudet i byen, men dette har aldri blitt ordentlig undersøkt.
Derfor vil vi gjerne spørre Høyangers innbyggere på dette forum, om dere ville benytte dere av dette tilbudet og hvor ofte, dersom vi bestemmer oss for å satse på det.

Hvis noen eventuelt har noen gode tips om lokaler i Høyanger som er egnet til dette prosjektet, så mottakes de med stor takk. Opplysninger om pris og gjerne bilder kan sendes til albert_divert@hotmail.com

Takk på forhånd og med vennlig hilsen.

Bart Rietveld og Eric Janssens

Steg for deg - Høyanger Kommune

Måndag 15. mars starta aksjonen “Steg for deg” i helse- og sosialtenesta i Høyanger. Friskverntiltak i regi av kvalitetskommuneprogrammet med økonomisk støtte frå KLP.
Omlag 50 personar gjekk fram på Dale i Høyanger i noko som likna eit 8. mars tog. Det einaste som mangla var bannera og slagord.
Sjå bilete her

Høyang Nytt?

Utruleg. “Nokon” lagar eit nettsamfunn for Høyanger (kommune(!!) – og greier å kalle det Høyang Nytt istadenfor det det sjølvasg SKAL heite: Høyangnytt, eller inkluderande Høyanger kommune-nytt. Får håpe at det ikkje seier noko om kvaliteten på innhaldet?
Eg minner om den flotte Pult Ost – som eg ville vegre meg litt mot. KAN eg ikkje, så MÅ eg snakke med nokon som kan….!

Midtsommar-helg på Norevikane

Kommande helg er det åpning- og midtsommarfest-helg på Norevikane! Alle er hjarteleg velkomne til ei helg med mat, miljø og moro.

Restauranten åpnar fredag 19. juni klokka 14.00 – og i år som i fjor har alle matrettane fått navn oppkalla etter gamle, unge og gode Høyanger-heltar. Nytt av året er mellom anna Kaisi&Arnes Hjortekaker. Velsmakande a`la carte-mat basert på lokale råvarer.

Laurdag kveld vert det midtsommardans og bålbrenning. Duoen S.W.A.D.A spelar opp til dans. Ståle Walsvik frå Høyanger / Arnafjorden og Geir Sørevik frå Arnafjorden lovar dugande rytmar!

Alt torsdag åpnar vi FjordPub`en, og den vil stort sette vere åpen kvar kveld heile sommarane. Unnateke er når vi har lukka lag eller andre arrangement.

Meir info på 5771 0716 eller på www.norevikane.com.

Høyanger-vokalist til Gøyanger

Ole Christian Norevik frå Høyanger, kjent frå TV2 sitt program “Sonen”, blir å finne som vokalist på scena under byfesten 13. juni!

Den unge Høyanger-guten har gjort karriere som nattvert på TV2 det siste året, og har tidlegare vore med på ulike kabaret-framsyningar med Helena Bremer frå Jølster.

- Eg gler meg kjempemasse til å kome heim til Høyanger for å synge saman med “Totto” Hansen og dei andre gode musikarane, fortel Ole Christian til Høyanger-sona.

Ole Christian har sunge saman med gjengen som skal spele på Gøyanger fleire gonger tidlegare og han lovar ein super kveld på torget i Høyanger.

- Dette blir knallgøy, lovar den entusiastiske Høyanger-guten.

Foto: Firda

Forventar 1500-2000 tilskodarar på Høyang-Brann

Leiar i fotballgruppa i IL Høyang, Petter Sortland, forventar 1500-2000 tilskodarar på cupkampen mellom Høyang og Brann onsdag 13. mai.

Av: Geir Bjarte Hjetland

- Dette er reine julekvelden for oss. Vi er jo veldig glade i Brann her i Høyanger. Vi møtte Sogndal i 1. Runde for tre-fire år sidan og då var 750-800 tilskodarar på Sletta. Men no forventar vi 1500 -2000, seier Sortland til brann.no.

Ny rekord
– Dette er ønsketrekning for oss, vi kunne ikkje fått ei betre trekning, jublar Høyang-trener Terje Fjæren til brann.no

Fjæren forventar i alle høve ny tilskodarrekord på Sletta, nesten alle han har snakka med etter kvalifiseringa til 1. runde, ville ha Brann som motstandar.

Fotballfest
Dagleg leiar i SK Brann, Roald Bruun-Hanssen seier til brann.no at dei ikkje kjenner Høyang som lag.
- Men for oss er det gøy å møte eit lag som til dagleg spelar utanfor vårt nærområde. Vi set pris på det og gler oss til turen. Eg vonar og trur at vi kan bidra til fotballfest i Høyanger, seier Bruun-Hanssen.

Guntveit ute
Det er sjølvsagt enno usikkert om Brann stiller med alle dei store stjernene til kampen i Høyanger, men ein spelar vert i alle fall ikkje å sjå på Sletta. Cato Guntveit vart skada i kampen mot Bodø-Glimt og må sjå lagkameratane frå sidelinja mot Høyang.
– Uff, herregud! Eg vil egentlig ikkje snakke om det her. Eg ønskjer berre å bli frisk og ikkje tenke på det, seier ein deppa Cato Guntveit nåtil BA.

Høyang-Brann blir sendt direkte på TV

IL Høyang har fått mildt sagt sterk motstand i 1. runde av NM-cupen når SK Brann kjem til Høyanger og Sletta 13. mai! Kampen blir sendt direkte på TV2 Sport. Det er første gang A-laget til Høyang blir direktesendt på riksdekkande fjernsyn!

Av Geir Bjarte Hjetland

Etter 3-2 sigeren mot Florø i siste kvalikrunde, var det sterk von om at eit godt lag ville kome til Høyanger i 1. runde – og NFF tok Høyang sitt ønskje på alvor. SK Brann er klar for Sletta!

Her bør verkeleg alle fotballelskarar og alle andre stille opp for det som garantert blir eit fotballmessig høgdepunkt i Høyanger. Det er laaangt frå eliteserien til 3. divisjon, men eit heiltent Høyang skal garantert klare å gje Brann kamp om vidare kvalifisering!

Den kjende musikaren Morten Jørgensen er ein av dei som no satsar på at IL Høyang klarer brasane mot Brann.
“Her tror jeg at jeg for første gang kan uttale meg på vegne av alle RBK-supportere i verden: Heia Høyanger! Det blir kanskje ikke tusenere på tribunene, men Høyanger har HELE Trøndelag i ryggen!”, skriv Jørgensen i eit innlegg på Facebook.

Saka vert oppdatert.

Den kjende new wave og rockemusikaren Morten Jørgensen er ein av landets mest ihuga RBK-supporterar. No satsar på Høyang-siger mot Brann

Skal ikke "sose bort" pengene..

Høyanger Næringsutvikling har de siste årene brukt 1/3 av statlig fond til administasjon. Dette kommer fram i en artikkel laget av Bergens tidende i går, 13. mars. Det normale å bruke hadde vært 20 %, sier en professor i økonomisk styring.

Omstillingsmidlene på til sammen 37 millioner, lover Longva i Bergens Tidende “å ikkje sose vekk”. Nei, vi vil jo ikke det?

Les hele artikkelen her

Daglig leder, Petter Sortland, sier Høyanger Næringsutvikling har bidratt til å gi Høyanger 100 nye arbeidsplasser siden 2004.

Vil vi ha bompengar på E39?

100px-Tabliczka E39 svg

Samferdsleminister Liv Signe Navarsete la fredag fram forslaget til ny nasjonal transportplan. Der ligg det inne 2,6 milliardar til opprusting av E39 gjennom mellom anna Høyanger kommune. Om det kjem lokale initiativ, så kan vegen byggast endå raskare med bompengar. Er det noko vi vil ha?

Reint prinsipielt meiner eg at staten bør ha råd til å forsere vegutbygginga på Vestlandet, og særleg langs E39, utan bruk av bompengar. Men samtstundes er det minst eit dilemma her. Vel ein statleg finansiering vil det gå ein god del år før det er gul midtstripe frå Lavik til Hornindal.

Vel vi til dømes å bompengefinansiere frå Lavik til Førde, så vil vi relativt raskt få ny veg på dei verste strekningane på heile E39, det vil spare tid – og gjere det heile til ein langt tryggare veg. Då tenker eg spesielt på Norevikane-Teigen og Vadheim-Sande.

Kva meiner folk om dette? Eg er litt i tvil, men eg trur gjerne eg er klar for å betale nokre kroner ekstra for å få ein ny og trygg veg raskt på plass.

Ny legevaktordning – til nytte eller kaos?

forde-sentralsjukehus-nybygg-helikopter

Høyanger kommune har planar om å inngå i det nye legevaktsamarbeidet for Ytre Sogn og Sunnfjord. Dette samarbeidet var meint starta opp frå den 1. april, men økonomiske utfordringar gjer at det sannsynligvis vert utsett.

Legevaktsamarbeidet vil få konsekvensar for Høyanger-folket og legane som jobbar her. Folk vil vere nøydde til å køyre den lange vegen til Førde når ein treng legetilsyn. Kommunen forsvarar seg med at dette er ein fordel, fordi ein da har tilgang på direkte innlegging på sjukehus, om det er behov for det. I snitt har Høyanger fire henvendinger til legevakt per dag/vakt. De fleste av desse vert henvist fastlege neste dag. Altså få akutte tilfeller, men lege behøvast vel likevel? Det som ein kan sjå på som ei av utfordringane, er dei økte ambulanseutgiftene. Dei kjem til å gå i skytteltrafikk mellom kommunane som er involverte (Når ein i tillegg tenkjer på det som kom fram i Firda, ang. ambulansefolk si utdanning i Sogn og Fjordane, kan ein få bange aningar).

Elektronisk overføring av journalar er og eit skrekkscenario. Korleis skal dei kunne samarbeide på tvers av kommunane? Som sagt inneber dette samarbeidet konsekvensar for legane våre. Dei får ein betre kvardag, blir meir utkvilte, og vil kanskje bli her lengre enn 2 – 3 år. Men, dei må ta ei vakt i månaden i Førde. Korleis kan dei då vite alt om ein pasient i Gulen, når dei sit i Førde? Lat oss håpe dei har funne ut av desse problemområda. I så fall; lat meg applaudere.. Ein finn at ein sparar litt på denne nye vaktordninga, men summen er ikkje overvettes høg.

Legesamarbeidet har ikkje fått brei mediedekning, men vonaleg kjem folk sine reaksjonar fram når ein ser korleis dette vil fungere, eller høgst sannsynleg ikkje vil fungere for andre enn legane…

Kva trur du om den nye legevaktordninga?

Kommunen sine postlister manglar

vaapen

Dei kommunale postlistene glimrar med sitt fråvære på Høyanger kommune sine heimesider. I lengre tid har postlistesystemet vore nede.

På postlistene kan kven som helst finne informasjon om all posten som kjem inn eller går ut frå rådhuset i Høyanger, og etter offentlegheitslova er alle kommunale brev – ut og inn – offentlege, om det ikkje er særskilte personvernomsyn. Denne innsikta i forvaltninga er eit viktig prinsipp, ikkje minst fordi det skal vere enkelt for kvar einskild innbyggjar å setje seg inn i kva kommunen driv med.

Men i den siste tida har dette altså vorte vanskelegare i Høyanger. På kommunen sine sider finn ein for tida ingen postlister eller dokument, noko som gjer at om ein ønskjer innsyn i til dømes eit brev som er sendt, så må ein oppsøke rådhuset.

Høyang Nytt har vore i kontakt med kommunen som beklagar at postlistene for tida ikkje er tilgjengelege.
- Det vert arbeidd med å få elektroniske postlister til å fungere att. Problemet har diverre vart ei stund, men vi håpar vi klarer å ordne dette snarast, opplyser Anita Taftø i Høyanger kommune.

Kven er tidenes Høyang-spelar?

Ein ny fotballsesong står for døra, og som vanleg har vi stor tru på Høyang i 3. divisjon. Men kven er tidenes beste Høyang-spelar?

Det er sjølvsagt mange kandidatar, men kom med forslag til kandidatar innan 1. april – så set vi opp ein avstemning på kven som kan kårast i denne noko uhøgtidlege kåringa!

Det kan jo nemnast at det er Svein Inge Bergseth som toppar kampstatistikken for IL Høyang med 330 obligatoriske kampar for laget. Tore Ytredal, til dømes, er registrert med tre kampar. Men som Odd Eriksen påpeiker, er adelskalenderen kun oppdatert på kampar spelte etter 1980. Så reelt har Ytredal langt fleire kampar enn dei registrerte tre.

Litt Høyang-historikk finn ein her: IL Høyang si adelsliste

Jens gir 37 millionar til Høyanger

StatsministerStoltenberg3

Statsminister Jens Stoltenberg brettar opp armane og har gjeve Høyanger 30 millionar til omstillingsarbeid og sju millionar til styrking av kommuneøkonomien etter Fundo-konkursen 12. januar.

Media meldte søndag at regjeringa har vedteke at Høyanger får ein stor pott av statlege omstillingsmidlar etter konkursen. No vert det opp til kommunen og HNU korleis pengane skal brukast for å sikre framtidige arbeidsplassar.

- Regjeringa støttar Høyanger for å skape nye arbeidsplassar og ny vekst. Situasjonen i Høyanger er alvorleg både for lokalsamfunnet og ikkje minst for dei einskildpersonane og familiane dette gjeld, seier statsminister Jens Stoltenberg til Firda.no

- Eg hadde aldri trudd at vi skulle få så mykje. No ser det lysare ut for Høyanger. Eg må skryte av regjeringa. Det er ikkje lenge sidan Fundo stengde dørene og vi har allereie fått ei løysing, seier Longva til NRK.

Korleis skal pengane brukast? Sei di meining her på origo!

Kurten melder Eras til politiet

kurt helikopter 500

Norges Miljøvernforbund med sjølvaste Kurt Oddekalv i spissen har meldt Eras Metall til politiet etter utsleppa av kvikksølv. Han fryktar at konsekvensane blir større i Høyanger, enn tilfellet var etter eksplosjonen på Vest Tank i Gulen.

- Vi meiner dette er ei av dei verste sakene som har skjedd i Noreg. Kvikksølv er på lista som det aller verste og giftigaste tungmetallet. Noreg har nettopp delteke på ein stor internasjonal konferanse som prøver å forby stoffet, seier Kurt Oddekalv til NRK.

Det er avslørt at tilsette på Hydro har høgare nivå av kvikksølv i blodet, enn tilsette på Eras. Sjølv om desse blodprøvene ligg innafor dei såkalla grenseverdiane, er det vel grunn til å vere bekymra? Eller?

Funna skal liggje godt under det norske styresmakter reknar som faregrensa, skriv Bergens Tidende på laurdag.

Nyleg vart det kjend at Eras Metall måtte stenge dørene etter altfor stort utslepp av kvikksølv. Verksemda kan ha sluppe ut opp mot 55 kilo kvikksølv det siste året, medan utsleppsløyvet er på 1 kilo per år.

Dei nye blodprøvene vart gjort hos tilsette på miljøavdelinga på Hydro, der det i alt jobbar 11 personar med ulike arbeidsoppgåver. I følgje BT ligg kvikksølvnivået her 3-4 gonger høgare enn hos Eras-tilsette.
– Alt tyder jo på at det er utsleppa som er årsaka, seier bedriftslege Alv Bjørnar Heggelund ved Hydro i Høyanger til BT.

Den populære bedriftslegene meiner at forklaringa er at kvikksølvet har gått ut i lufta utanfor fabrikken, og at dei tilsette inne har brukt støvmasker. Måndag blir det folkemøte om Eras-utsleppa i Høyanger, der representantar for Eras Metall, SFT, Folkehelseinstituttet, kommunen og Nasjonalt institutt for luftforskning (NILU) deltek. Eras har søkt om å få starte produksjonen att i april.

Kva meiner DU om denne saka. Skriv meininga di om dette her i Høyanger-sona på Origo!

Nygård tilbake som NAV-sjef

nav

Ann Kristin Nygård er tilbake som sjef for NAV Høyanger denne veka. Den dyktige dama trengst heilt åpenbart på plass igjen for å takle dei store utfordringane som NAV Høyanger har fått på seg etter at Fundo gjekk konkurs.

NAV har vore utsett for sterk kritikk på nasjonalt nivå i den siste tida. I Høyanger har bruken av NAV sine tenester auka drastisk etter Fundo-konkursen. Føler du at du får den hjelpa du treng frå NAV? Skriv meininga di om dette her på Høyanger-sona.*

Kritikken mot NAV har særleg gått på lang ventetid på handsaming av søknader, og internt i NAV er sjukefråveret og presset på dei tilsette høgt.

- Nav-rotet gjer at folk nå vert uføretrygda mot si eigen vilje, hevdar leder Jarle Berge i Norsk Tjenestemannslag Nav (NTL Nav) til NRK.

Han syner til at Nav-tilsette må bruke tida si på store papirbunkar frå folk som ikkje har fått pengane sine. Dermed vert det lita tida til samtalar med folk for å få dei ut att i arbeid.

Tidlegare Fundo-tilsett Kjell Nylund er ein av dei som har oppdaga at regelverket til NAV kan vere temmeleg firkanta. Til NRK fortel han at fordi han tok deltidsstudier ved sidan av jobben, så fekk han ikkje dagpengar.

- Eg fekk beskjed om at eg ikkje har krav på dagpengar fordi eg studerer. På NAV la dei fram eit skjema der eg måtte skrive under på om eg var villig til å avslutte utdanninga, seier Nylund til NRK.

Moalaust av vegvesenet...

I går, altså måndag, køyrde eg frå Høyanger til Bergen. I Instefjord hadde det gått ras, og vi måtte køyre rundt “halve” Gulen for å kome oss fram. Vel og bra det, men at ikkje vegvesenet hadde makta å merke omkøyring, legge om ferjeruter m.m. til dagen etter er heilt utruleg…

Eg er kanskje samfunnets plageånd nr. 1 for tida, men det må då vere mogleg å få til dette på eit døgn?? For meg som er relativt kjent på småvegane i Gulen var det jo ikkje noko problem, men kva med alle andre som køyrde på kryss og tvers – uten å vite kvar dei skulle??

Eg snakka med 175, 177 og sikkert alle andre om dette – og dommen er klar – steinras kan vi ikkje gjere noko med, men litt kjapp handling i ettertid kan ein vel forlange?