Viser arkivet for juli, 2011

Flaskehals ved Vadheim

Ser at Høyanger Kommune har hatt møte med Statens vegvesen. Dei ynskjer strakstiltak på vegen aust for Bogstunnelen og til Vadheim. Dei seier at det må byggjast møteplassar.
Eg er einig i at det må skje noko raskt. Eg trur møteplassar blir for lite, når det kjem lange køar med bilar og langtransport.
Løysinga må vere lysregulering mellom klokka 06 og 24. Dette kan ein sette opp utan mange millionar, og ein kan gjere det raskt. Trur billistane ville heller vente på lys enn å risikere kork i bakken.

Legetenesta sommaren 2011

Ser Høyanger Kommune har annonse i avisa idag om opningstidene på legekontora i kommunen. Dette er ei annonse som kommunen ikkje skal vere kry av. Legekontoret i Lavik held stengt store delar av sommaren. Det hadde vore enklare å skrive opp opningsdagane. Kommunen skriv at det vert noko reduserte opningstider. Dette er ein gjengangar kvar ferie. Legekontoret i Lavik blr alltid hardt ramma. Det er ikkje noko kjekt å bruke Legekontoret i Lavik som fastlege, du bør iallefall ikkje bli sjuk. Det viser seg også at dagane er kutta ned til halve dagar også. Ein som ville ha ein akutt-time onsdag fekk besjed om at den eine akutt-timen dei hadde var allereie oppbrukt.. Pasienten fekk ikkje plass og legen forlet kontoret klokka 12.. Dette kan ikkje vi i Lavik finne oss i. Kommunene må få til ei ordning slik at det kjem ein fastlege til Lavik som blir her ei tid og ikkje berre tek ein månad eller to. Fastlege med stasjonering i Lavik. Så slepp kommunen å betale dyre legar lønn, når dei set i bilen mellom Høyanger og Lavik.