Flaskehals ved VadheimSer at Høyanger Kommune har hatt møte med Statens vegvesen. Dei ynskjer strakstiltak på vegen aust for Bogstunnelen og til Vadheim. Dei seier at det må byggjast møteplassar. Legetenesta sommaren 2011Ser Høyanger Kommune har annonse i avisa idag om opningstidene på legekontora i kommunen. Dette er ei annonse som kommunen ikkje skal vere kry av. Legekontoret i Lavik held stengt store delar av sommaren. Det hadde vore enklare å skrive opp opningsdagane. Kommunen skriv at det vert noko reduserte opningstider. Dette er ein gjengangar kvar ferie. Legekontoret i Lavik blr alltid hardt ramma. Det er ikkje noko kjekt å bruke Legekontoret i Lavik som fastlege, du bør iallefall ikkje bli sjuk. Det viser seg også at dagane er kutta ned til halve dagar også. Ein som ville ha ein akutt-time onsdag fekk besjed om at den eine akutt-timen dei hadde var allereie oppbrukt.. Pasienten fekk ikkje plass og legen forlet kontoret klokka 12.. Dette kan ikkje vi i Lavik finne oss i. Kommunene må få til ei ordning slik at det kjem ein fastlege til Lavik som blir her ei tid og ikkje berre tek ein månad eller to. Fastlege med stasjonering i Lavik. Så slepp kommunen å betale dyre legar lønn, når dei set i bilen mellom Høyanger og Lavik. Meld deg inn i valsona for Høyanger
Firda inviterer og oppmodar alle politikarar og veljarar i Høyanger til å bli medlem av vår nye valsatsing for kommunevalet i 2011. Det er oppretta ei valsone for kvar kommune i dekningsområdet vårt, og ei for fylkestinget. Sona for Høyanger har adressa http://www.firda.no/høyanger. Her kan politikarar og veljarar på lik linje publisere innlegg, saker og bilete, og kommentere det andre har publisert. Det er også ei meiningsmåling på sona, der du kan stemme på det partiet du hadde valt dersom det var val i dag. Sona er ein direkte kommunikasjonskanal mellom politikarar og veljarar, der politikarane kan nå ut med saker dei vil løfte fram og veljarane kan reise saker dei meiner politikarane må ta stilling til. Det er ei eiga portalside for valsatsinga, som har adressa http://www.firda.no/val2011. Frå denne sida kan du navigere vidare til den kommunen du ønskjer, og portalsida samlar også det nyaste innhaldet frå alle undersonene. Vi oppmodar også til å bli medlem av denne sona. For å få innlegg i valkampen på trykk i papiravisa, må innlegget publiserast i valsona for den kommunen det gjeld. SkrivekursSogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid. Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro! Kursavgifta inklusive hotell med full pensjon blir på rundt 2000 kroner for enkeltrom, og rundt 1800 per person på dobbeltrom. Dette er ei rimeleg investering for folk som likar å skrive, og som har ting liggande som dei kanskje vil gjere meir utav, eller som har konkrete planar og skriveprosjekt liggande i bakhovudet. Meld dykk på til underteikna via ei direktemelding her eller ei direktemelding på twitter. (Følg meg på twitter: @MANNmedGREIP)(Johannes Eggen Mundal) Og for all del: Del dette innlegget via alle kanalar (Facebook, twitter, e-post osv) – sjølv om du sjølv kanskje ikkje kan denne helga. Den låge kursavgifta kjem av at vi ikkje brukar pengar på annonsering. (Innlegg av Johannes Eggen Mundal) For skrivelaget Til deg som var ung på 60 og 70 - tallet....Du har kanskje oppdaget at tråden til dette innlegget nå er fjernet og dermed muligheten til å komme inn på min webside The Story of Radio Luxembourg Du kan fortsatt komme inn uten å registrere deg fram til 1 mai , men deretter må du registrere deg for å kunne benytte websiden. Steg for deg - Høyanger KommuneMåndag 15. mars starta aksjonen “Steg for deg” i helse- og sosialtenesta i Høyanger. Friskverntiltak i regi av kvalitetskommuneprogrammet med økonomisk støtte frå KLP. Fine bilder i flott "bank".Oppdaget plutselig en samlig bilder i en “bortgjemt” sone her inne på Origo. Det viste seg at det var søskenbarna Arvid Fimreite og Geirfinn Lysne som hadde opprettet den, og til min store forbauselse hadde jeg jo sett mange av bildene før. Nydelige skatter av noen bilder ligger altså på denne sonen og de fortjener virkelig oppmerksomhet! Ta dere en tur innpå sonen og se vakre bilder fra Sogn og Fjordane! Kjend kunstnar stiller ut på Norevikane![]() Den kjende kunstnaren Venche Høvring frå Karmøy stiller komande helg ut ein del av sine maleri på ferieheimen på Norevikane . Venche er sterkt inspirert av den dramatiske vestlandsnaturen, og dett er lett å kjenne seg att i bileta. Venche (f. 1958) har i mange år vore ein av dei mest respekterte kunstnarane på Haugalandet, og har hatt fleire separatutstillingar dei siste tiåra, og delteke på ei rekkje andre. Dessutan er bileta hennar innkjøpt av fleire kunstforeninger, kommunar, offentlege kontor og bankar på Vestlandet. Ho har og vore med og smykka ut dei store oljeinstallasjonane i Nordsjøen som Snorre A og B, og Troll C-platformane, og illustrert både bøker og CD-cover. I tillegg til Venche Høvring sine bilete, har Norevikane i år og ei salsutstilling med bilete laga av Randi Kirkebø frå Kyrkjebø. Med sine sterke fargar og originale motiv, har ho dei siste åra blitt ein respektert og populær kunstnar. Venche Høvring Utstillingar : Dales Galleri , Kopervik 1992 – 2005 Jason frå Texas har funne sitt paradis i Høyanger
Jason Harden kjem frå Houston, Texas, men er denne sommaren å finne på Norevikane saman med resten av gjengen. Komande helg, laurdag 11. juli, inviterer han til ny jamsession på Terrassen. Den eminente musikaren har imponert alle med sine vakre saksonfon-tonar ved Sognefjorden, ikkje minst under den forrige jammen, fredag 3. juli. Over 100 menneske frå fjern og nær fekk oppleve Jason live saman med mellom andre Cecilie Merkesvik, Bjørn “Konken” Randal, Kay Ole Aven Ullebø, Eva F. Grønvold, Erlend Nybø og andre musikkvener. - Det er fantastisk å berre vere her ved Sognefjorden. Eg har tidlegare vore på Vestlandet i samband med spelejobbar, men denne gongen skal eg berre slappe av, spele musikk og nyte sommartida med gode vener ved fjorden, fortel Jason. Jason har ei lang karriere bak seg, både som musikar og idrettsmann. Den høgreiste amerikanaren har livnært seg som profesjonell basketballspelar i ulike ligaer rundt i Europa, men har heile tida hatt musikken i bakgrunnen. Han har gitt ut musikk på Island saman med si musikalske venninne, soulsensasjonen Kenya. Annonse | |||||||||||
Nyeste kommentarer