Skrivekurs

Sogn og Fjordane skrivelag inviterer med dette til kurs på Nordfjordeid laurdag 30. og sundag 31. oktober. Kursstad er Bryggen hotell på Nordfjordeid.

Vi har lagt opp til eit kurs der kvar og ein kan arbeide med eigne tekstar/skriveprosjekt, og legg opp til samlingar der vi les og diskuterar tekstar etter ynskje og behov. Kurset skal ha fokus på eiga skaping og produksjon, og er tenkt som eit inspirasjonskurs for vidare skrivearbeid. Som ein del av dette vil vi utfordre kursdeltakarane til å bidra med 5-minuttars innlegg om sin skrivekvardag, med stikkord som skaparglede, skriveglede, skrivevrede, skrivesperre, dørstokkmili, forfattarspiren inne i ein osv. osv. Vi vil oppfordre til at flest muleg deler litt av sine eigne skriveerfaringar. Dette vert sosialt og moro!

Kursavgifta inklusive hotell med full pensjon blir på rundt 2000 kroner for enkeltrom, og rundt 1800 per person på dobbeltrom. Dette er ei rimeleg investering for folk som likar å skrive, og som har ting liggande som dei kanskje vil gjere meir utav, eller som har konkrete planar og skriveprosjekt liggande i bakhovudet. Meld dykk på til underteikna via ei direktemelding her eller ei direktemelding på twitter. (Følg meg på twitter: @MANNmedGREIP)(Johannes Eggen Mundal)

Og for all del: Del dette innlegget via alle kanalar (Facebook, twitter, e-post osv) – sjølv om du sjølv kanskje ikkje kan denne helga. Den låge kursavgifta kjem av at vi ikkje brukar pengar på annonsering. (Innlegg av Johannes Eggen Mundal)

For skrivelaget
- skrivar -

Vist 132 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder