Kjend kunstnar stiller ut på Norevikane

Den kjende kunstnaren Venche Høvring frå Karmøy stiller komande helg ut ein del av sine maleri på ferieheimen på Norevikane . Venche er sterkt inspirert av den dramatiske vestlandsnaturen, og dett er lett å kjenne seg att i bileta.

Venche (f. 1958) har i mange år vore ein av dei mest respekterte kunstnarane på Haugalandet, og har hatt fleire separatutstillingar dei siste tiåra, og delteke på ei rekkje andre. Dessutan er bileta hennar innkjøpt av fleire kunstforeninger, kommunar, offentlege kontor og bankar på Vestlandet.

Ho har og vore med og smykka ut dei store oljeinstallasjonane i Nordsjøen som Snorre A og B, og Troll C-platformane, og illustrert både bøker og CD-cover.
«Dei bileta eg tek med meg til Sogn representerer eit utsnitt av meg som kunstnar. Eg malaar både figurativt og abstrakt, men folk vil kjenne seg att i bileta mine. Eg er sterkt inspirert av det å vere fødd og oppvaksen på vestlandskysten», fortel kunstnaren.

I tillegg til Venche Høvring sine bilete, har Norevikane i år og ei salsutstilling med bilete laga av Randi Kirkebø frå Kyrkjebø. Med sine sterke fargar og originale motiv, har ho dei siste åra blitt ein respektert og populær kunstnar.

Venche Høvring
f.1958, Karmøy, nå bosatt i Haugesund.

Utstillingar :

Dales Galleri , Kopervik 1992 – 2005
Karmøy kulturhus 1994
Skudenesutstillingen 1996
Kiwanis Høstutstilling Fjell Rådhus 1995 – 2007
Norsk Håndtverk og Kultur , Bergen 1998
Stub Galleri , Bergen 1998
Kunstlaget Njardarlog , Tysnes 1999
Skudenes og Aakra Sparebank 2003 – 2004
Fiskeridagene , Karmøy 2004 – 2007
Tysvær-utstillingen , Tysvær Kunstlag 2004
Karmøy kunstforening , sep.utst. 2004
Aasedalen Atelier og Galleri 2004
Galleri Tempera, Haugesund sep.utst. 2005
Skudenes og Aakra SR Bank Juleutst. 2005
Galleri V Separatutstilling 2006
Galleri Tempera Separatutstilling 2006
Anna-huset, juleutstilling 2006, 2007
Haugalandsutstillingen 2006
Skudefestivalen 2007, 2008
Galleri Havblink, Sogn 2007
Galleri Bekkjarvik 2007
Kulturdagane, Hemmingstad Bydelshus Hgsd. 2008

Vist 452 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder