| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Sognatreff og Fjordaglimt (mandag 27. juli 2009). Les mer om roperten… Kjend kunstnar stiller ut på Norevikane![]() Den kjende kunstnaren Venche Høvring frå Karmøy stiller komande helg ut ein del av sine maleri på ferieheimen på Norevikane . Venche er sterkt inspirert av den dramatiske vestlandsnaturen, og dett er lett å kjenne seg att i bileta. Venche (f. 1958) har i mange år vore ein av dei mest respekterte kunstnarane på Haugalandet, og har hatt fleire separatutstillingar dei siste tiåra, og delteke på ei rekkje andre. Dessutan er bileta hennar innkjøpt av fleire kunstforeninger, kommunar, offentlege kontor og bankar på Vestlandet. Ho har og vore med og smykka ut dei store oljeinstallasjonane i Nordsjøen som Snorre A og B, og Troll C-platformane, og illustrert både bøker og CD-cover. I tillegg til Venche Høvring sine bilete, har Norevikane i år og ei salsutstilling med bilete laga av Randi Kirkebø frå Kyrkjebø. Med sine sterke fargar og originale motiv, har ho dei siste åra blitt ein respektert og populær kunstnar. Venche Høvring Utstillingar : Dales Galleri , Kopervik 1992 – 2005
Vist 369 ganger. Følges av 1 person. | ||