| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Sognatreff og Fjordaglimt (tirsdag 7. juli 2009). Les mer om roperten… Jason frå Texas har funne sitt paradis i Høyanger
Jason Harden kjem frå Houston, Texas, men er denne sommaren å finne på Norevikane saman med resten av gjengen. Komande helg, laurdag 11. juli, inviterer han til ny jamsession på Terrassen. Den eminente musikaren har imponert alle med sine vakre saksonfon-tonar ved Sognefjorden, ikkje minst under den forrige jammen, fredag 3. juli. Over 100 menneske frå fjern og nær fekk oppleve Jason live saman med mellom andre Cecilie Merkesvik, Bjørn “Konken” Randal, Kay Ole Aven Ullebø, Eva F. Grønvold, Erlend Nybø og andre musikkvener. - Det er fantastisk å berre vere her ved Sognefjorden. Eg har tidlegare vore på Vestlandet i samband med spelejobbar, men denne gongen skal eg berre slappe av, spele musikk og nyte sommartida med gode vener ved fjorden, fortel Jason. Jason har ei lang karriere bak seg, både som musikar og idrettsmann. Den høgreiste amerikanaren har livnært seg som profesjonell basketballspelar i ulike ligaer rundt i Europa, men har heile tida hatt musikken i bakgrunnen. Han har gitt ut musikk på Island saman med si musikalske venninne, soulsensasjonen Kenya.
Vist 266 ganger. Følges av 1 person. | ||