Amerikansk feiring på Norevikane

Saksofonisten og basketspelaren Jason Harden frå Texas spelar saman med gode musikkvener på Norevikane komande fredag 3. juli. Laurdag 4. juli er det Høyanger/Årdal-trubaduren Ketil Norevik Thorbjørnsen som syter for stemninga.

Det er lagt opp til stor feiring av den amerikanske nasjonaldagen «4th of July» på Norevikane i helga. Amerikansk musikk, stor «barbecue» og leikar for borna på ettermiddagen laurdag.
- Sidan den amerikanske nasjonaldagen i år fell på ein laurdag, var det naturleg foross å invitere til stor fest her hos oss, forteldaglegleiar forferiesenteret på Norevikane, Jan Erik Fredriksen, som lovar å ikkje stille i cowboy-hatt
Musikalsk sett blir det litt av ei helg på Norevikane. Fredagen inviterer saksofonisten Jason Harden til fredagsjam saman med gode musikkvener frå Høyanger, som han har blitt kjend med den veka han har vore i Norge så langt. Mellom andre den dyktige songaren Cecilie Merkesvik.
- Eg elskar stemninga ved fjorden her ute. Eg skal jobbe mykje i Noreg framover og då passa det perfekt med ein musikalsk ferie på Norevikane, meiner Harden, som dei siste åra har kombinert saksofonspelinga med jobb som proff basketspelar rundt om i Europa.
- Men eg er definitivt frå Texas, og 4. juli må eg feire på ein skikkeleg måte, sler Harden fast.
Ketil Norevik Thorbjørnsen, som er son til den kjende bluesartisten Sidsel Norevik frå Høyanger, stiller som trubadur laurdag kveld.
- Dette blir kjekt. Eg spelar mykje amerikansk musikk som passar perfekt til feiringa av 4. juli. Alt frå god, gamal blues til Bob Dylan, lovar Ketil.

Vist 279 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder