Høyang Nytt?

Utruleg. “Nokon” lagar eit nettsamfunn for Høyanger (kommune(!!) – og greier å kalle det Høyang Nytt istadenfor det det sjølvasg SKAL heite: Høyangnytt, eller inkluderande Høyanger kommune-nytt. Får håpe at det ikkje seier noko om kvaliteten på innhaldet?
Eg minner om den flotte Pult Ost – som eg ville vegre meg litt mot. KAN eg ikkje, så MÅ eg snakke med nokon som kan….!

Vist 1700 ganger. Følges av 4 personer.

Kommentarer

Jon, du er hjarteleg velkomen til å delta med innlegg, bilete, nyhendesaker og kva det måtte vere! :-)

Ordna det eg, slik at du Jon kan konsentrere deg om andre viktige saker. Ja, slik som Pult Ost.

Veldig bra Jon, det kan vel ikkje akkurat kallast eit nytt fenomen…

… og berre for å forklare. Eg veit særs godt at Høyang Nytt er gramatikalsk på jordet. MEN det er altså eit gamalt, godt namn på eit nyhendebrev som vart sendt ut av “gamle NACO” i Høyanger i mange år. Det er dette namnet vi valde å bruke.

Det var vel kanskje ikkje berre gramatikken…å kjenne seg inkludert er vel og eit stikkord;)

Tanja… Dette er eit ope nettsamfunn, og kven som helst i HØYANGER kommune er hjarteleg velkomen til å bidra på alle måtar. Førebels er det stort sett eg som har laga innlegg og nyhende, og 90% handlar om Norevikane – som definitivt må seiast å tilhøyre Lavik-distriktet. Målet med sona er å få smånyhende, bilete, innlegg o.a. frå heile kommunen, anten det er frå Mølmesdalen, Bosdalen, Aven, Bjordal, Måren eller kor som helst i kommunen vår. MEN skal vi få til det, så fordrar det at folk bidreg. Om det er nokon “tekniske problem” eller anna angåande sona, så er eg tilgjengeleg på epost eller telefon når som helst :-)
94 19 42 51 – geir.bjarte@pow.no

Høyres bra ut, så får vi håpe at det blir ein flott møteplass for alle og at den blir flittig i bruk :)

Geir Bjarte hvilken del av Norevikane hørte til Kyrkjebø Kommune. Det er jo stort sett Fagerneset du skriver om i “bloggen” din. Det hørte ikke til Lavik-distriktet. Du må kontakte pålitelege kilder før du går ut med egen påstand om lokalhistorien i ditt feriedistrikt.

Nei, så hørte det vel til Lavik kommune da – ikkje verre enn det :-). Og for å gjenta meg sjølv, det er heilt opp til alle å levere saker til denne sona. Gjeld deg og Viggo. Og at Lavik og Kyrkjebø kommunar no er ein del av Høyanger, er det vel ikkje mykje tvil om. Ring meg gjerne på 94 19 42 51. :-)

Vil gjerne støtte Geir Bjarte i at det er opp til medlemmene i sona å skrive innlegg til sida. Geir Bjarte er engasjert på Norevikane i sommer og skriver følgelig mye om arrangementa der i fra. Selv har eg ikkje følt at eg har hatt mye å bidra med denne sommeren. Sona har i overkant av 90 medlemmer. Sjølsagt er ikkje alle disse aktive, men noen av de har vel lyst til å bidra med noe?
Om en ikkje vil legge ut i eget navn så er det mulig å maile innlegget til f.eks. Geir Bjarte.

Annonse

Nye bilder