Dronning Sonja på hemmeleg besøk i Høyanger

Sjølvaste dronning Sonja var i helga på hemmeleg besøk i Høyanger kommune. Laurdag morgon gjekk ho saman med ein livvakt over fjellet frå Norevikane til Ullebø i Vadheim.

Tekst og foto: Geir Bjarte Hjetland

Kongeskipet “Norge” ankom Norevikane ved nitida laurdag morgon, og dronninga vart sett i land på Norevikane med ein av skipet sine lettbåtar, såkalla sjalupp. Med sekk på ryggen vandra ho opp den bratte vegen til Fløyen, før ho nokre timar seinare kom gåande ned att til Ullebø i Vadheimsfjellet.

- Der vart dronninga henta av ein lukseriøs BMW, før ho vart køyrd til kommunekaia i Høyanger der ho gjekk ombord i kongeskipet igjen, fortel ein av dei som var så heldige å møte dronninga laurdag.

At vår kjære dronning elskar fjella både i Indre- og Ytre Sogn er ei kjend sak, og det er ikkje første gongen ho har besøkt Norevikane-området. Seinast for tre-fire år sidan var ho på fjelltur i same området.

- Det er verkeleg kjekt at ho går på fjelltur her i Høyanger kommune. Ho har skjønt kor vakkert og flott det er her, smiler turistvert på Norevikane, Jan Erik Fredriksen.

Dronninga sin høgst private og hemmelege tur kom i stand etter at kongeparet var på offisiell vitjing i Nordhordland. Dronninga har på turen langs Sognefjorden og vore mellom anna i Solund og i Finnafjorden.

KONGELIG TRANSPORT: Kongeskipet “Norge” på veg ut frå Høyanger laurdag ettermiddag, etter å ha henta Dronning Sonja.

Vist 805 ganger. Følges av 1 person.

Kommentarer

Kjære Geir Bjarte nå har du tatt helt feil.. Dronninga med følge kom i land ved Myrekrok der dei gjekk opp til Fløyen kl 11.30. Dei kom ned igjen i Avsneset kl 17.30 der Dronninga og følget havna i sauefjøset til Liv Avsnes. Liv inviterte Dronninga på kaffe, men dei hadde ikke tid fordi hurtigbåten låg å venta nede ved fyret på Avsnes. Gardseigar Andreas Avsnes som gjekk i fjøsklede og store støvlar geleida følget ned at på skjeret/moloen og vinka dei farvel.
Bevis: Svart caps med bilde av Kongeskipet og tekst: K/S NORGE funnet søndag 21.06.09 i Øykjehola rett over Myrekrok på vei til Fløyen På Fløyen hadde dei signert med navna sine. Sonja sitt står på høgre side,linje 6 nedenfra.Olav Hellebø sitt navn står sist på samme sida.

Supert å få oppklara dette Viggo. Som gamal Se og Hør-journalist baserte eg meg på gode kjelder. Men Fløyen var no rett i alle fall! :D

Annonse

Nye bilder