Høyanger blir til Gøyanger laurdag 13. juni!

Vi er lei alt det negative fokuset på Høyanger det siste året, difor døyper vi Høyanger om til Gøyanger laurdag 13. Juni! Idrett og stor dansefest er stikkord for helga.

For mange her i fylket har Høyanger det siste året vore synonymt med alt frå Fundo-konkurs til arbeidsløyse og kvikksølvutslepp. No vil vi prøve å setje fokus på det som er positivt i staden vår; natur, idrett og full fest!

- Vi vil bruke 13. Juni til å syne omverda at alt slett ikkje er negativt i Høyanger. Vi er ein gjeng på over 2000 menneske som bur og lever her og ikkje har det så ille som alle skal ha det til. Ikkje minst fordi vi lever ved verdas vakraste og lengste fjord og mellom høge fjell som gir uante moglegheiter, fortel Grete Bjørnsen Ulvestad, Kristine Kopperud Timberlid og Jonny Skår som er blant eldsjelene som står bak Gøyanger.

Gøyanger-laurdagen startar med første utgåva av det nye sykkelrittet Aarseth- tråkket frå Høyanger til Vadheim og tilbake igjen. Løypa startar med 4 showrundar i sentrum mellom dei overveldande fjella. Vidare bér det gjennom tunnellane som tek ein ut til «Solkysten» Kyrkjebø, der Aarseth’en kjem frå. Herfrå går løpet viare utover Sognefjorden. Rytterane snur i Vadheim, staden som har knytta sogningar og sunnfjordingar saman – på godt og vondt. Halvvegs attende vert det spurtpris på toppen av legendariske «Leitebakken». Her har store ryttarar, rutinerte travarar og «up-and-comings» utkjempa blodtørstige kampar om heider og ære! Høgdepunkt kjem til slutt. Eit yrande sentrum tek imot ryttarane opp paradegata i Høyanger.

Litt seinare på dagen er det klart for det tradisjonsrike Trappeløpet i Høyanger sentrum, landets brattaste løp! Opp fjellsida går det 1268 bratte trinn som anten kan forserast i høgt tempo i konkurranseklassen, eller i meir roleg tempo i trimklassen. I år er det 16. året med løp i trappene. Store namn som Oddvar Brå, Knut Johannessen, Grete Waitz og Jon Tvedt har tidlegare kasta glans over løpet. Rekorden er på imponerande 8:25. Likevel er dette også eit arrangement for heile familien. I hyggjeleg familiefart er kan ein oppleve turen på ein liten time.

Men ingen Gøyanger-laurdag utan fest! Laurdagskvelden vert det stor byfest på Torget i Høyanger. Den positive gjengen som driv feriestaden Norevikane utanfor Vadheim tek med seg kokkar og bartendarar til Høyanger og lagar til årets store utefest i Høyanger. Dei har fått booka eit fantastisk partyband som skal syte for bra musikk og heftige danserytmar heile kvelden. Norevikane-gjengen skal og syte for matservering i sentrum heile dagen, med smakebitar frå den rikhaldige og populære sommarmenyen. På festen er det 18-årsgrense.

Det blir mange andre arrangement i Høyanger heile helga, mellom anna inviterer handelsstanden til tradisjonelle familiedagar frå fredag 12. Juni med langope og gode tilbod, det vert Police-tribute-konsert på Høyanger Hotell og diskotek for ungdomane under 18 på den nye og flotte ungdomskaféen- for å nemne noko.

Les meir på Gøyanger-sidene

SKIPAR TIL FEST: Høyanger-islendingen Jan Erik Fredriksen (t.v.) har teke med seg sin gode kamerat og forretningspartner til Høyanger. Saman står dei bak feriestaden Norevikane – og laurdag skipar dei til stor fest i Høyanger sentrum.
Foto: Lars Jonas Pedersen / gang.no

Vist 764 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder