| Bidraget er publisert med ropert og har blitt hentet fram på Sognatreff og Fjordaglimt (onsdag 27. mai 2009). Les mer om roperten… Høyanger-vokalist til GøyangerOle Christian Norevik frå Høyanger, kjent frå TV2 sitt program “Sonen”, blir å finne som vokalist på scena under byfesten 13. juni! Den unge Høyanger-guten har gjort karriere som nattvert på TV2 det siste året, og har tidlegare vore med på ulike kabaret-framsyningar med Helena Bremer frå Jølster. - Eg gler meg kjempemasse til å kome heim til Høyanger for å synge saman med “Totto” Hansen og dei andre gode musikarane, fortel Ole Christian til Høyanger-sona. Ole Christian har sunge saman med gjengen som skal spele på Gøyanger fleire gonger tidlegare og han lovar ein super kveld på torget i Høyanger. - Dette blir knallgøy, lovar den entusiastiske Høyanger-guten.
Foto: Firda
Vist 207 ganger. Følges av 1 person. | ||