LO-konferanse på vakre Norevikane

Ungdomstillitsvalde frå heile landet var med då Industri-Energi inviterte til ungdomskonferanse på den vakre kurs og feriestaden på Norevikane.

Av: Geir Bjarte Hjetland

Om lag 20 i talet, og svært opptekne av politikk og fagrørslearbeid. Det var status for konferansen som vart halde på Fagernes hytte- og konferansesenter. Med fokus på historia til fagrørsla og framtida for norsk politikk, fekk dei unge LO-engasjerte verkeleg inspirasjon til vidare arbeid.

Kjend historikar
- Det er utruleg kjekt å sjå så engasjerte ungdomar, som og er interessert i historia til venstresida, seier den kjende historikaren Harald Berntsen, som var ein av innleiarane på konferansen.
Det er få som kjenner soga til fagrørlsa så godt som Berntsen, og han lot seg imponere både av dei unge deltakarane og staden Fagernes, som har vore i fagrørsla sitt eige sidan 1935.
- Her har det vore skapt mykje god arbeidarkraft, smiler Berntsen.

Stå i mot
Magnus Marsdal, kjend politisk tenkar og forfattar av “FrP-koden” var og innleiar på konferansen. Han er oppteken av korleis fagrørsla, og særleg dei unge kan demme opp for flommen frå høgresida fram mot det komande stortingsvalet.
- Det er viktig med lokalt engasjement, samstundes som ein treng kunnskap til å stå i mot, meiner Marsdal.

HISTORISK: Historikar og forfattar Harald Berntsen var imponert over dei unge LO-kontaktane.
Foto: Geir Bjarte Hjetland

Vist 253 ganger. Følges av 1 person.
Annonse

Nye bilder